madamfelle.com
madamfelle.com
hjem I mat & drikke I konsertinfo I program I bilder I info
NI LIV
L 10 MAI I KL 22.30 I BILL 150 - 190
Ni liv gav ut sitt andre album for Warner Music Norway 2. juli 2007. Plata heiter TELEMARKANA. Telemarkana er ikkje bare ein albumtittel. Det er også ei programerklæring som fortel om musikalske impulsar både frå Amerika, Norge og Telemark. Ni Liv syng på Bø-dialekt - Bø som ligg ved Lifjells fot, i hjartet av Telemark.
Fyrste singel frå Telemarkana - Ikkje Spør - låg 11 veker på P1s B-liste. Til nå har Ikkje spør vore 6 veker på Norsktoppen, og har 3 strake sigrar å sjå tilbake på. Marcel Lelienhof laga musikkvideoen i og rundt Ås Stasjon. På Country Jukeboks og Norsk på Norsk Jukeboks visast Ikkje Spør jamnt og trutt. Neste singel frå plata heiter Armen tett rondt jenta mi. Låta passar godt til den regntunge sommaren me har vore gjennom med opningsstrofa "Det regner i dag". Armen tett rondt jenta mi ligg nå på NRK P1s A-liste.
Tom Skjeklesæther om Ni liv:
"... en forbløffende samspilt trio, tettere enn noe FuretVærBitt har hørt på mange år. Musikalsk lukeparkerer Ni Liv, uten engang å kaste et blikk i speilet, med den største eleganse, mellom Hellbillies og Odd Nordstoga. Således er Ni Liv klokkerent svaret på etterlysningen som Lars Lillo-Stenberg kom med i en riksavis i midten av februar; Nasjonen trenger et band som skriver velformulerte norske tekster, og makter å fremføre dem som et troverdig, orntli band. Værsegod, Lars! Her er Ni Liv."
Ni liv er:
Jon Solberg : song og gitarar
Ken-Børre Langås : bass og song
Eivind Aase : trommer og song
Madam Felle er bergens intime konsertscene med god mat & drikke
Madam Felle har siden våren 2000 og frem til i dag utviklet seg til å bli en av bergens viktige konsertscener.
Madam Felle forbindes med god mat, god drikke og ikke minst gode konserter i en uhøytidelig atmosfære.